Nyskapande vin frå kanten av Sognefjorden.

Velkomen til ein nesten umogleg frodig fruktgard på Leikanger.

Vinrankar i gamal fjordbotn.

På Baldervoll Frukt- og Vingard dyrker vi vindruer der mange ikkje trudde det let seg gjere: 61,1 grader nord ved kanten av Sognefjorden i Norge.

Jorda i Leikanger er gammal og næringsrik. Nokre av vinrankane våre står ti meter frå fjordkanten, med røtene i det sedimentet havet etterlot seg. Vi trur det kan gje ein spesiell karakter til druene.

Andre rankar veks lenger oppe i lia, i eit felt med perfekt helling mot sola og fjorden som gjev ekstra speileffekt.

Det lange norske sommerlyset og refleksjoner fra fjorden gir langsom modning og særegen friskhet.

Vi driv etter økologiske prinsipp. Det betyr at vi ser på garden som et levande system – jorda, plantane og årstidenes rytme henger saman.

Ingen syntetiske sprøytemidler eller kunstgjødsel. Honningbier på tomta. Dess mer aktivt mikrobiologisk liv i jorda, dess meir komplekst uttrykk i drua.

Unike smakar frå Baldervoll

Vårt mål er å klemme ut det beste og mest spanande frå Baldervolls fantastiske frukt.

Vi eksperimenterar med mange ulike druesortar og blends. I 2023 vann vi Norges Beste Musserende med Sprudlande Signe.

Dei mest utvikla druetypane våre er Solaris, Muscares, Regent, Chardonney og Pinot Noir.

Velkomen på vinsmaking og gardsbesøk

Kontakt oss for å avtale omvisning frå øvste teig til fjord, etterfulgt av vinsmaking på vår fantastiske pergola, med utsikt over Sognefjorden.