Leif, Iselin og Drengen.

Ein litt utradisjonell winemaker trio står bak arbeidet og eksperimenta på Baldervoll.

Vi flaska vår første Sprudlande Signe i 2023 og har ikkje sett oss tilbake sidan.

Drengen heiter forresten Roar, har hovedfag i plomme (!) og har dyrka fram fantastisk frukt i en mannsalder.

Økologiske prinsipper

Vi dyrkar druer der mange trudde det let seg gjere - 61,1 grader nord.

Jorda i Leikanger er gammal og næringsrik. Nokre av vinrankane våre står ti meter frå fjordkanten, med røtene i det sedimentet havet etterlot seg. Vi trur det kan gje ein spesiell karakter til druene.

Andre rankar veks lenger oppe i lia, i eit felt med perfekt helling mot sola og fjorden som gjev ekstra speileffekt.

Vi driv etter økologiske prinsipper. Det betyr at vi ser på garden som et levande system – jorda, plantane og årstidenes rytme henger saman.

Ingen syntetiske sprøytemidler eller kunstgjødsel. Honningbier på tomta. Dess mer aktivt mikrobiologisk liv i jorda, dess meir komplekst uttrykk i drua.

Baldervoll gard